Jæger Paulsen familiehistorie sider

Tolleiv Olsson Villand

Tolleiv Olsson Villand

Mann 1714 - 1778  (64 år)

Generasjoner:      Standard    |    Vertikalt    |    Kompakt    |    Boks    |    Bare Tekst    |    Generasjonsliste    |    Anevifte    |    Media    |    PDF

Generasjon: 1

  1. 1.  Tolleiv Olsson Villand ble født 1714 , Hol, Buskerud, Norge (sønn av Ola Tolleivson Uppsata og Ragnhild Ellingsdatter Villand); døde 1778, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Tolleiv Olsson Villand, fødd 1714 i Hovet i Hol i Hallingdal og daud 1778, var ein kjend kjempekar og villstyring i Hallingdal på 1700-talet. Han var den eldste sonen av Blank-Ola, og den eldste av dei åtte villandskarane.

    <

    Tolleiv heitte etter farfaren Tolleiv Uppsata frå Ål, og vart fødd utanfor ekteskap i 1714. Han voks opp på garden Villand i Hovet, men fekk som vaksen garden Grøt av farbroren Tolleiv Rikandsrud. Denne selde han snøgt vidare, men kjøpte og løyste inn søre Villand og budde der frå 1747.

    Tolleiv vart gift med Kari Larsdotter Sundre frå Ål, og fekk fleire born med henne.

    Lars Reinton skriv om Tolleiv at han var den villaste og mest agelause av alle villandsbrørne. Han var høg, «trjå alni å två tumma», vert det fortald. Han var ovende sterk alt som ung, og vann på alle som prøvde seg i kast med han.

    Vanskar med retten:

    Det Tolleiv er mest kjend for er at han skulle ha overfalt og dengd mor si i 1752. Dette er attgjeve i mange kjelder. Han skulle ha slengd henne bortetter slik at "mjærme henna gikk or le", sa dei. Denne saka førde med tida til at han kom på festninga og laut gjera straffarbeid nokre år. Tolleiv slost og med broren Ola, og med styvfaren Ola Larsson Fossgard.

    Klagemålet mot Tolleiv vart framførd om lag samstundes som mor hans la fram saka mot mannen sin i 1752. Protokollen skriv:

    ...fordi hand skal have afvigte 26 Ianv: dette Aar slaget hans moder Ragnil Ellingsdatter med en veede kubbe eller et Træe, og derforuden adskillige gange tilforn have ilde handlet med hans kone og brødre, saa at de ey skal have fred hverken Nat eller Dag, derom at anhøre vidner, fornemme paastand og være Dom undergive, saa er og under falsmaals straf vidnerne indkaldet til denne tid og Stæd, alt efter stævningens nærmere bemeld af dato 31 Iangv: 1752.

    Ragnhild stod no fram i retten og trega på dette, av di ho vedgjekk at Tolleiv hadde vore full då det stod på. Men Tolleiv hadde fare so hardt fram mot skyldfolket sitt at han vart dømt til festningsarbeid. Bååe brørne hans vitna om det same. No kom det og fram at styvfaren hadde vore skamfaren vinteren før, og sameleis stod det til med kona Kari.

    Bøndene i bygda la på den andre sida fram attest på at Tolleiv nok hadde førd seg som eit skikkeleg menneske ute mellom folk.

    Verste motmannen til Tolleiv var broren Ola, eldste sonen hans Ola Fossgard. Ein annan bror, Torkjell Olsson Villand, som var Lensmann, gjekk mellom, men forsvara Ola i saaka. Frå saka kjem det fram at Tolleiv meinte Ola hadde klaga han grovt for å få han unna, og at Ola var misunneleg på Tolleiv (på grunn av arveretten). Tolleiv meinte beint fram at Ola hadde «voldt hono slaveriet på».

    Det er tydeleg at Tolleiv hadde steld seg ille etter ei veke på fylla. Han og Ola skulle ha slost med einannan den 23 januar, og overfallet på mora kom tre dagar etter. Tolleiv vart teken i forvaring fredagen same veka, og klagemålet vart sett fram om lag 31. Segnene fortel og om sjølve arresten, som ikkje gjekk fredeleg for seg. Han vart dregen til arresten som "ain vill ukse".

    Etter nokre år på festninga kom Tolleiv heim att i 1757. Han fekk nåde av kommandanten, og vart gjort til soldat i Søndenfjeldske gevorbene infanteriregiment. Kona hans hadde då freista å få han ut ein to års tid. Grunnen var at ho sat einsam på garden med små born, og ho hadde ikkje pengar til å leige arbeidshjelp. Tolleiv kom d då endeleg heim i 1758, og han sat i ro på Villand resten av livet, vert det fortald. Han hadde lova kommandanden på Akershus festning å ikkje bråke meir, og gjorde som han hadde lova. Han våga ikkje å slåst etter at han kom heim, men såg gjerne at andre tok seg eit basketak.

    Born:

    Tolleiv og Kari fekk fleire born i lag:

    Birgit Tolleivsdotter Villand, 1745-1825, gift til Bry.

    Ola Tolleivson Villand, 1747-1817

    Elling Tolleivson Villand, 1760-1835

    Åse Tolleivsdotter Villand, 1765-ca. 1840, gift til Rime.

    Familie/Ektefelle/partner: Kari Larsdatter Sundre. Kari (datter av Lars Olson Sundre og Birgit Torsteinsdatter Stave) ble født , Ål, Buskerud, Norge; døde etter 1786, Hol, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]

    Barn:
    1. Bergit Tollefsdatter ble født 1739 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1809, Hol, Buskerud, Norge.
    2. Birgit Tolleivsdotter Villand ble født 1745 , Søre Villand, Hol Buskerud; døde 1825.
    3. Ola Tolleivson Villand ble født 1747; døde 1817.
    4. Tollleiv (Tollef) Tolleivson Villand ble født 7 Mar 1749; døde 1783.
    5. Margit Tolleivsdatter ble født 18 Jul 1751; døde 1835.
    6. Elling Tolleivson Villand ble født 1760; døde 29 Jun 1835.
    7. Åse Tolleivsdotter Villand ble født 1765 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1845.

Generasjon: 2

  1. 2.  Ola Tolleivson Uppsata ble født 1668 , Ål, Buskerud, Norge (sønn av Tolleiv Olsson og Margit Tollevsdatter Nos); døde 1724, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Ola fekk namnet Blank-Ola fordi han gjekk så sylva, med sylvknappar, sylvspenne og sylvsylgjer. Han vart holing då mor hans, Margit Tolleivsdtr. Nos - Uppsata, enkja etter Tolleiv Olson Uppsata i Ål ein gong etter 1688 varart gift oppatt med lensmann Gul Torgeirson Øvremyro i Hol, f 1636. Ola Tolleivson vart med mor si til Øvremyro, og vart difor også kalla Myro og Myreguten. Han heldt seg og på Hamarsbøen, hjå Birgit, syster si, gift med Helge Steensen Hamarsbøen (frå dei kom Hamarsbøen-ætta med dei mange lensmennene), Blank-Ola vart t.d. i 1714 kalla Hamarsbøen.



    Det var ein gong Blank-Ola skulle betala ei stor bot. «No sko me få syljudn or bringun og spennudn or skodno på'o Blank-Ola», sa skrivaren. Blank-Ola betalte bota og spurde: «Ko kosta eit nevaslag?» — «Det er tie dalar, det, min mann», sa skrivaren. «Kan ein slå kem ein vil, då?» spurde Ola. «Ja», svara skrivaren. Dermed svarpa Blank-Ola til skrivaren så han datt under bordet, la 10 dalar på bordet, gjorde eit hallingkast opp under kruna og sa: «Enno dansa'n Blank-Ola med sylvspente sko og sylvsylju i bringun.» (Etter Folk og Fortid i Hol.)



    Fødsel:
    Uppsata

    Ola giftet seg med Ragnhild Ellingsdatter Villand 1716, Hol, Buskerud, Norge. Ragnhild (datter av Elling Nilson Søre Villand og Åse Sveinsdatter Brattåker) ble født 1692 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1752, Hol, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  2. 3.  Ragnhild Ellingsdatter Villand ble født 1692 , Hol, Buskerud, Norge (datter av Elling Nilson Søre Villand og Åse Sveinsdatter Brattåker); døde 1752, Hol, Buskerud, Norge.
    Barn:
    1. 1. Tolleiv Olsson Villand ble født 1714 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1778, Hol, Buskerud, Norge.
    2. Nils Olsson ble født 1717 , Hol, Buskerud, Norge; og døde.
    3. Torkjell Olsson ble født 1719 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1776, Nedre Sundre, Ål.
    4. Elling Olson ble født 1721 , Hol, Buskerud, Norge; og døde.
    5. Margit Olsdatter ble født 1724 , Hol, Buskerud, Norge; og døde.


Generasjon: 3

  1. 4.  Tolleiv Olsson ble født 1634 , Ål, Buskerud, Norge (sønn av Ola Torkjellsson Skjervheim Ulshagen og Haldis Tolleivsdatter Skjervheim); døde cirka 1675, Ål, Buskerud, Norge; ble begravet , Ål, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Tolleiv drepte broren Syver på en sammenkomst på Oppheim. Han gikk fredløs en stund, men ble så frikjent for drapet. Faren Ola, som var lensmann, hadde nok hatt litt å si for at han ble frikjent.

    Tolleiv + Margit Tollevsdatter Nos. Margit ble født 1640 , Ål, Buskerud, Norge; døde 16 Jul 1738, Ål, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  2. 5.  Margit Tollevsdatter Nos ble født 1640 , Ål, Buskerud, Norge; døde 16 Jul 1738, Ål, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Fødsel:
    Jørgensgard

    Barn:
    1. Birgit Tolleivsdatter Uppsata ble født 1660; døde 1734.
    2. 2. Ola Tolleivson Uppsata ble født 1668 , Ål, Buskerud, Norge; døde 1724, Hol, Buskerud, Norge.
    3. Tolleiv Tolleivson Ulshagen Rikansrud ble født 1668; døde 1744.

  3. 6.  Elling Nilson Søre Villand ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge (sønn av Nils Olson Villand og Ragnhild Kolve); døde 1720, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Elling sat no trygt på sin ættegard og var ein velhalden mann då den store nordiske krigen kom med dei store ekstra krigsskattane (krigsstyren, av Kriegssteuer, ty. = krigsskatt) som vart hardt inndriven og vekte illvilje i bygda. Då det i 1713 vart sendt ikring ekstra kommisjonærar til å krevja inn krigsstyren, nekta mange av bøndene i Hovet å betala. Og Elling Villand vart ein førar for dei.

    Då innkrevjarane kom til Villand, sa Elling: «Eg har pengar å betala med, men den Vonde smette i meg for kvar skilling de får, utan marka til jordskatten. Eg trur ikkje nokon vil betala noko anna her i bygda.» Elling og fleire andre i Hol, og hovudmannen i Ål, Ola Hovdegard, vart arresterte og sende til Akershuhus festning. Det vart stor rettssak og forhør. Elling Villand vart dømd til 2 års festningsarbeid og til å miste all sin eigedom til Kongen (Ola Hovdegard fekk 3 år), dessutan måtte Elilng betala 30 rdlr. til skattekommisjonærane og 10 rdlr. til aktor i saka. Det vart halde eksekusjon hjå Elling for desse pengane, registrering 14/11 1714. Styresmaktene sette fengselsstraffa for Ellingg og Ola Hovdegard ned til 6 måneder, - «da den allerede holdte exekusjon har sat så stor frygt imellom dem at de ei så let lader se deres gjenstridigheder,» heitte det. Elling sat på Akershus i 219 dagar, men berga garden (sjå Hol 1, s 237 ff.).

    Elling giftet seg med Åse Sveinsdatter Brattåker 1675. Åse (datter av Svein Aslaksson Brattåker og Margit Andersdatter Brattåker) ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1738, Hol, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  4. 7.  Åse Sveinsdatter Brattåker ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge (datter av Svein Aslaksson Brattåker og Margit Andersdatter Brattåker); døde 1738, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Fødsel:
    Brattåker

    Død:
    Villand

    Notater:

    Varierende opplysninger på fødsel og giftermål. Noen kilder sier at Åse er født 1655 og gift 1675. Andre sier at Åse er født 1675 og de ble gift i 1691

    Barn:
    1. 3. Ragnhild Ellingsdatter Villand ble født 1692 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1752, Hol, Buskerud, Norge.


Generasjon: 4

  1. 8.  Ola Torkjellsson Skjervheim Ulshagen ble født 1584 , Ål, Buskerud, Norge; døde 1665, Ål, Buskerud, Norge; ble begravet , Ål, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Kilde: Aal Bygdesoge III (586, 2211).

    Ola + Haldis Tolleivsdatter Skjervheim. Haldis (datter av Tolleiv Knutsson Skjervheim Medgarden og Birgit Syversdatter Sørbøen) ble født 1600 , Ål, Buskerud, Norge; døde 1672, Ål, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  2. 9.  Haldis Tolleivsdatter Skjervheim ble født 1600 , Ål, Buskerud, Norge (datter av Tolleiv Knutsson Skjervheim Medgarden og Birgit Syversdatter Sørbøen); døde 1672, Ål, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Kilde: Aal Bygdesoge III (2211).

    Barn:
    1. 4. Tolleiv Olsson ble født 1634 , Ål, Buskerud, Norge; døde cirka 1675, Ål, Buskerud, Norge; ble begravet , Ål, Buskerud, Norge.

  3. 12.  Nils Olson Villand ble født cirka 1627 , Hol, Buskerud, Norge (sønn av Ola Børgeson Villand); døde etter 1669, Hol, Buskerud, Norge.

    Nils + Ragnhild Kolve. Ragnhild ble født , Voss, Hordaland, Norge; og døde. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  4. 13.  Ragnhild Kolve ble født , Voss, Hordaland, Norge; og døde.

    Notater:

    Sume har sagt at kona til Nils Olson var frå Kolve i Raundalen på Voss. At ho har heitt Ragnhild er truleg: Eldste dottera til son til Nils, Elling Villand, heitte Ragnhild. Vi veit og at sonen til Nils, Elling, ei tid var på Kolve (nedunder). Det er og mogeleg at ei dtr. til Ola Børgeson Villand, altså el syster til Nils Olson var gift på Voss (til Øvsthus). Nils Olson er etter ei tid ute or kjeldene på Villand, - han kan då ha vore på Voss (L. Kindem nemner ingen Nils Olson mellom eigarane på Kolve, Vosseboki III, s 326 ff.).

    Barn:
    1. 6. Elling Nilson Søre Villand ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1720, Hol, Buskerud, Norge.

  5. 14.  Svein Aslaksson Brattåker ble født 1609 , Hol, Buskerud, Norge; døde, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Fødsel:
    Brattaker

    Svein giftet seg med Margit Andersdatter Brattåker cirka 1669. Margit ble født 1620 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1715, Hol, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]


  6. 15.  Margit Andersdatter Brattåker ble født 1620 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1715, Hol, Buskerud, Norge.

    Notater:

    Fødsel:
    Nordre Nestegard

    Død:
    Brattaker

    Barn:
    1. 7. Åse Sveinsdatter Brattåker ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1738, Hol, Buskerud, Norge.



Sidene drives av The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0.4, skrevet av Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Redigert av Ole Edvin Jæger Paulsen .