6. | Elling Nilson Søre Villand ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge (sønn av Nils Olson Villand og Ragnhild Kolve); døde 1720, Hol, Buskerud, Norge. Notater:
Elling sat no trygt på sin ættegard og var ein velhalden mann då den store nordiske krigen kom med dei store ekstra krigsskattane (krigsstyren, av Kriegssteuer, ty. = krigsskatt) som vart hardt inndriven og vekte illvilje i bygda. Då det i 1713 vart sendt ikring ekstra kommisjonærar til å krevja inn krigsstyren, nekta mange av bøndene i Hovet å betala. Og Elling Villand vart ein førar for dei. Då innkrevjarane kom til Villand, sa Elling: «Eg har pengar å betala med, men den Vonde smette i meg for kvar skilling de får, utan marka til jordskatten. Eg trur ikkje nokon vil betala noko anna her i bygda.» Elling og fleire andre i Hol, og hovudmannen i Ål, Ola Hovdegard, vart arresterte og sende til Akershuhus festning. Det vart stor rettssak og forhør. Elling Villand vart dømd til 2 års festningsarbeid og til å miste all sin eigedom til Kongen (Ola Hovdegard fekk 3 år), dessutan måtte Elilng betala 30 rdlr. til skattekommisjonærane og 10 rdlr. til aktor i saka. Det vart halde eksekusjon hjå Elling for desse pengane, registrering 14/11 1714. Styresmaktene sette fengselsstraffa for Ellingg og Ola Hovdegard ned til 6 måneder, - «da den allerede holdte exekusjon har sat så stor frygt imellom dem at de ei så let lader se deres gjenstridigheder,» heitte det. Elling sat på Akershus i 219 dagar, men berga garden (sjå Hol 1, s 237 ff.).
Elling giftet seg med Åse Sveinsdatter Brattåker 1675. Åse (datter av Svein Aslaksson Brattåker og Margit Andersdatter Brattåker) ble født 1655 , Hol, Buskerud, Norge; døde 1738, Hol, Buskerud, Norge. [Gruppeskjema] [Familiediagram]
|